Stiftingsmøte lokallag Rogaland
No stiftar vi lokallag i Rogaland
Alle medlemer i Hodepine Norge som bur i Rogaland er inviterte til stiftingsmøte.
Tid: Mandag 13. mars 2023 kl 18:00 – 20:00
Sted: Luramyrveien 25A på Forus (Hos FFO Rogaland)
Program:
1. På stiftingsmøtet etablerer me eit styre som skal jobba for:
• Å dela informasjon og verifisert kunnskap om hodepine
• Arrangera temakveldar med fagfolk
• Jobba etter innspel og forventingar frå hovudstyret og lokallagsmedlemmene
Har du lyst til å vera med? Me er tre frå arbeidsgruppa/interimstyret som vil fortsetja i styret;
Lise Dale Soma
Gjertrud Marie Jensen
Marita Lindal Haug.
2. Innlegg ved nevrolog og hodepinespesialist Gry Klevan.
Gry Klevan driv den private nevrologiklinikken GjerneHjerne i Stavanger. Det blir ca 15min spørjerunde i etterkant.
Vil du bli med i styret, eller som frivillig?
Me treng fleire med på laget, både styremedlem og andre frivillige som vil og kan bidra i arbeidet me skal gjera i Rogaland framover.
Det vil bli servert kaffi, te og frukt
Påmelding
Påmelding til stiftingsmøtet og/eller melding om interesse for å vera med i styret/som frivillig, sender du innan 7.mars til: rogaland@migeneplager.no
Ps. Det er plass til 42 personar i møtelokalet, difor påmelding. Me vil skaffa større lokale viss det blir fleire påmelde.